mandag 17. desember 2012

Rømmesild

Jula nærmar seg med stormskritt, og med det også tida for å lage deilige glass med sild til jul. Det gjer eg kvart år. Det blir liksom ikkje jul utan sild lenger. Denne gongen har eg prøvd meg på rømmesild tilsatt grov sennep og peparrot. Smakar fantastisk!!

 
Rømmesild
Du treng:
8 kryddersild filetar,
1 beger seterrømme,
2 ss. sukker,
2 ss. finreven peparrot,
eller peparrot på tube.
1 ss. frisk sitronsaft,
1,5 ss. kvitvin (eddik),
2 ts. grov sennep,
1-2 raudlauk.
Slik gjer du:
Legg sildefiletane i mjølk i 30-60 minutt, tørk godt av dei.
Tørk godt av dei og skjer filetane i ca. 1-2 cm breie bitar på skrå. Skjer raudløk i tynne ringar.
Bland rømme, peparrot, sukker, sitronsaft, kvitvinseddik og sennep. Bland det heile saman og ha silda på glas. La stå kjølig over natta før du serverar, så smakane får setje seg.
 
 

 

 

5 kommentarer:

  1. Anonym23. desember 2014 kl. 12:24

    Spanande... Denn prøver me..
    :)

    SvarSlett
  2. Anonym16. desember 2015 kl. 11:44

    Forsøker denne idag til julebesøk imorģen

    SvarSlett
  3. Evelyn20. desember 2015 kl. 21:37

    Dette ser og høres godt ut! Hvor lenge kan silda holde seg i kjøleskap?

    SvarSlett
    Svar
    1. Ingvild20. desember 2015 kl. 22:41

      Denne er veldig god:)
      Holder seg fint en god uke i kjøleskapet.

      Klem Ingvildsmat

      Slett
    2. Evelyn22. desember 2015 kl. 14:40

      Takk :)

      Slett

Så koselig at du vil legge igjen en kommentar til meg :) Klem Ingvild

Nyere innlegg Eldre innlegg Startsiden