søndag 12. august 2012

Hakallegarden og Ganefart, dei treng stemma di!!


Rundt omkring på Sunnmøre her vi bur, er der nokre gøymde edelsteinar. Hakallegarden er ein slik edelstein. Ein familie som har opna tunet sitt for besøk, bygd om låva si til butikk og kafè og hagen er blitt ein leikeplass for alle besøkande. Og vi besøker dei gjerne, for plassen er eit fargerikt paradis på jord. Aina er ikkje berre gardakjerring på tunet men og kunstnar.

På tunet og i fjøset finn du dyr, masse dyr og mange ulike typar dyr, og dei er omringa av herleg kunst.

Det første som møter deg når du kjem inn på tunet kan vere ein velkomstkomite av små lam, Konrad kalkun, gardshunden eller kanskje eit esel?
Konrad kalkun med haremet sitt rundt seg

 Mange av dyra gjeng nemleg fritt omkring til stor forlystelse for vaksne og born!

Men kvifor skriv eg som er matbloggar om denne plassen? Det har sjølvsagt noko med maten som vert servert på denne fantastiske plassen å gjere.
Ikkje stopp å les folkens!!
Ein fantastisk god burger, og eg veit nøyaktig kor kjøtet i burgeren er frå og at brødet er lokalprodusert med lokale råvarer. Dressingen er ramsløkdressing og sjølv om det er litt hemleg, veit eg kor ramsløken er plukka;)

For ei stund tilbake la dei om menyen på Hakallegarden og serverer no kun lokalprodusert mat. Bedriftene som leverer produkta sine til Hakallegarden har tilknytning til nærområdet og fylket. Brudevoll, kakene til Mandel&Melis, klippfisken til Dybvik, Sørdal kjøt, fiskeprodukta til Sande Sjømat, baksten til Bakeriè.

Her nytast deilig bacalao med klippfisk fra Dybvik



Hakallegarden er med i Ganefart, en konkurranse som premierer bevisst bruk av lokale råvarer og mattradisjoner.
Det er ikkje alltid eg kan sei at eg veit kor det sonen min puttar i munnen er frå, men denne pølsa med brød veit eg kor er frå!!
Den følelsen er god!
 

For meir spennande lesing om Hakallegarden, kunsten til Aina og nettbutikken sjå heimesida deira.

Er du i nærheita av Hakallestranda, lov meg at du ikkje køyrer forbi!!
Dette er ein fantastisk fin tur, rekn med at du brukar dagen!! (og skulle ønske du hadde heile veka!)


3 kommentarer:

  1. Å gode du!!! Du er no ein engel på jord!!! TUSEN, TUSEN TAKK!!!

    SvarSlett
  2. Haha, super blogg. Flotte bilder!

    SvarSlett

Så koselig at du vil legge igjen en kommentar til meg :) Klem Ingvild