torsdag 17. november 2011

Vørterbrød

Det nærmar seg jul og eg har starta med litt små forberedelsar i heimen, nærare bestemt på kjøkenet og no i frysaren. Gjærbakst er ein super ting å starte med allereie no så ein kan fylle opp frysaren til alle dei deilige familiefrukostane vi kosar oss med i julehøgtida.
Vørterbrød er ein av dei tinga eg må ha til jul. Det luktar jul når ein bakar vørterbrød. 
Det er og ei fin gåve å ha med når ein blir invitert heim på eit godt måltid.
Ingenting er som god heimebakst!!

Vørterbrød

Du treng:
(200 gr i ca.40-50 minutt)

50 g smør
1 ¼ dl mørk sirup
1 fl. Vørterøl
1 dl mjølk
50 g gjær
½ kg sikta rugmjøl
½ ts salt
½ ts anisfrø
½ ts allehånde
Ca. 6 dl kveitemjøl
65 g rosiner


Slik gjer du det:
Smelt smør og tilsett sirup og vørterøl.

Ha i mjølka og rør gjæra ut i væska når ho er 37 grader.
Tilsett sikta rugmjøl, salt og krydder og rør dette godt.

Tilsett så kveitemjøl og rosiner.

Deiga skal vere så fast at ho slepp bollen, men likevel ikkje altfor fast.
Set deiga til forheving i minst 30 minutt, gjerne lenger.
Kna ut to sprekkfrie runde brød.

Etterhev i 40 nye minutt.

Set dei i omnen på nedste rille.
Vørterbrød har lett for å verte svidde, så etter ca. 20-25 minutt sett du ei steikeplate rett over brøda.
Dette for å hindre at overvarmen ikkje skal svi dei.
Steik vidare i 20-25 minutt (mine var godt ferdige etter 40 minutt på varmluft).

Pakk det fint inn å ta med deg eit brød om du vert invitert på julefrokost i løpet av jula!

2 kommentarer:

  1. Hei!

    Så bra med nok en oppskrift på vørterbrød - denne har jeg tenkt å prøve! Men jeg ser at du har utelatt mengdeanvisningen på sirupen. Er det snakk om 1 1/4 ss eller dl?

    Takk!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Maria, så bra at du ser når jeg ikke gjør det!! Det skal være dl.Jeg har rettet oppskriften min nå:) Tusen takk og lykke til med brødbakinga!

      Klem Ingvild

      Slett

Så koselig at du vil legge igjen en kommentar til meg :) Klem Ingvild